Ikkje sei W-ordet

Nokså slitne greier, dette har vi snakka om før, men likevel.

Ei melding frå min tidlegare arbeidsgjevar, Rogaland fylkeskommune, som ramla ned i meldingsboksen i it's learning i dag, fortalde at fylket no abonnerer på Store norske leksikon på nett. Slik blei dette formidla frå bibliotekarhald:

Kan bare tilføye at Store norske leksikon er et fyldig kvalitetsleksikon, som blir raskt oppdatert på nettet, og som dere absolutt bør bruke når dere skal finne tilleggsinformasjon. I motsetning til Wikipedia kan dere stole på at alle artikler er kvalitetssikret og skrevet av fagpersoner.

Meldinga kom samstundes som Leif Harboe og eg heldt kurs i bruk av digitale ressursar i norskfaget (lage wiki, blogge, Google dokumenter, etc.) for norsklærarar i Rogaland fylkeskommune. 

For moro skuld, og sidan tida tillét det, henta eg fram det nyinnkjøpte digitale leksikonet, og klikka meg inn på ein av artiklane som var profilert på framsida — ein artikkel om Halldis Moren Vesaas, i høve av at det var 100 år sidan ho vart fødd. Alt i sanntid og på storskjerm, i eksperimentets ånd. Slik ser denne artikkelen ut, altså på SNL (klikk for større bilde):

MOren Vesaas SNL

 "Kvalitetssikret og skrevet av fagpersoner," javisst, men til hjelp? For 20 år sidan, kan hende, men har ikkje noe endra seg?

Vel, eg søkte på den same forfattaren på Wikipedia (der kom det, W-ordet!), og følgjande innhaldsregister viser omfanget av Wikipedia-artikkelen:

 

Les gjerne artikkelen på Wikipedia sjølv, og samanlikn med SNL-artikkelen. Sjå gjerne både på språk og referansar, punkt som Wikipedia stadig blir vurdert etter. At sitatet frå mailen over kjem frå bibliotekarhald er trist men ikkje overraskande.

Uansett, i eksperimentets ånd heldt eg fram, og søkte i begge leksikona på emneordet "Terra." Nyheitene fortalde oss i dag tidleg at Terra-konsernet var slått konkurs, så det er eit aktuelt emne som ein gjerne vil søkje kunnskapar om via nettet. 

Ikkje overraskande var her ingen relevante oppslag i SNL, medan Wikipedia hadde fleire fyldige artiklar, både om konsernet og skandala det er involvert i. På søketidspunktet, ca. klokka 1300 onsdag 28. november, hadde Wikipedia ingen info om sjølve konkursen (men altså fleire om både konsernet og skandalen), men eit ettersøk ein dryg time seinare viste følgjande førstesideoppslag på Wikipedia:

Wikipedia demonstrerer altså her sine forsar. Det morosame var likevel å kunne gjere denne samanlikninga medan hendingane utspela seg føre oss. Diskusjonen i etterkant om rolla til Wikipedia som kjelde var svært enkel å føre.

Eg undrar meg ofte over at kunnskapsarbeidarar, som lærarar og bibliotekarar, framleis vel å forhalde seg til kunnskapar og viten som noe som kan godkjennast og sementerast mellom to permar. Det nokre vel å kalle "ikkje kvalitetessikra," er i realiteten ofte ei spegling av det som skjer rundt oss, koss det skjer, og av farta det skjer i. Ingen redaksjon kan godkjenne dette, det må heile tida reforhandlast i lys av det som skjer med oss sjølve og alt det andre rundt oss. Wikipedia viser oss tydeleg plastisiteten i kunnskapsomgrepet, og dette bør reflekterast inn i kunnskapssynet vårt i skulen. Tekstane vi omgir oss med vil i aukande grad vere meir eller mindre i konstant endring, ulikt slik dei har vore frå Gutenberg og fram til no (men kan hende meir likt slik tekstane var i førgutenbergsk tid?), og det gjer det vanskeleg å tenkje kring kunnskapar slik vi har gjort dei siste par hundre åra.

Alt var betre før, då ein stil var ein stil og folk togg gulrøtter

Og medan vi kan håpe på at skulen oppdaterer eksamensformer slik at dei harmonerer med det vi veit om koss kunnskapar blir bygde, ser vi at kunnskapsministeren jobbar i stikk motsett retning. I staden for å utvikle eksamensformer vidare i retning av å leggje vekt på prosessar og arbeid som er gjort over tid, skal ein i ungdomsskulen frå neste år i norskfaget ha ein skrivedag der dei skal skrive to korte tekstar, ein på hovud- og ein på sidemålet. Les innlegget frå ein norsklærar (oppdaga via Jon Hoems blogg) i Bergens Tidende.

Samstundes kan vi òg lese at den same Kunnskapsministeren masar og gnålar om desse evinnelege gulrøtene han trur vil reformere skuleverket og bringe Noreg inn i framtida som kunnskapsnasjon. Når det gjeld frukt og grønsaker i skulen tar dei seg altså tid til å fremje lovforslag

Kunnskapsløft, anyone?

Men, det interessante her er at ein i den eine enden innfører IKT på brei front, med kvar sin berbare maskin til elevane, og verktøy for mappevurdering og pedagogiske vyer snekra saman på sosialkonstruktivistisk grunn, og i den andre enden nektar elevane å bruke denne metodikken for læring ein har brukt årevis på å lære dei, og tar sikte på å måle desse kunnskapane elevane har fått nærast etter gamle, behavioristiske ideal. Ein trener dei på å svømme, men når svømmekunnskapane skal målast, hiv ein dei på land. (Jada, eg fell for metaforfristelsane.) 

Lærarane vil ikkje bruke IKT i skulen

Ei undersøking ved UiO påstår at lærarane er den store flaskehalsen når det gjeld bruk av IKT i undervisinga. 

At ein må rekne med nokre år med omstillingar burde vel ikkje kome som den store overraskinga — eg vil sjølv anta at vi ikkje ser særlege effektar av IKT-satsinga i læreplanane før det har gått i alle høve 10 år (sjølvsagt føresett at det blir gjort store løft, både infrastrukturelt og pedaogisk, lokalt og nasjonalt). Her er mange kulturar som skal endrast, og lærarane er berre eitt av fleire hinder (og kan hende det minste, om ein kan kalle dei hinder i det heile?). Utan ei IKT-innstilt skuleleiing kjem ikkje lærarane noen veg, uansett, og eg erfarer svært ulike haldningar til (og kunnskapar om) IKT og forholdet mellom IKT og pedagogikk rundt om kring. 

Likevel står framleis evalueringsformene vi nyttar, og følgjeleg heile kunnskapssynet vårt, som dei store hindera for ei satsing på IKT i skulane. Dette heng saman med mykje, men mest av alt heng dette saman med dei pedagogiske vala ein må gjere når ein utstyrer ein klasse med kvar sin berbare PC. Eigentleg handlar dette meir om at fleire gode hovud ser mulegheiter til å nytte nye pedagogiske idear i skulen ved hjelp av IKT, og ikkje så mykje om at datamaskina som teknologi i seg sjølv opnar for noe nytt. Desse pedaogiske ideane utfordrar arbeidsmetodane i klasserommet, jamvel heile ideen om eit klasserom, og måtane vi ser på kva kunnskapar er, og følgjeleg måler desse kunnskapane. 

For kva skal elevane mine med kvar si berbare maskin og flotte opplegg i samarbeid på tvers av fag, klassar og jamvel land, pedagogiske idear om kunnskapar som noe som oppstår i ein fellesskap, og mappesamlingar av arbeid som dokumenterer prosessar og framgang, når dei til eksamen likevel må leggje igjen maskina heime og harke opp innpugga flosklar til ein nikkande og smilande sensor?

Eg trur lærarane hadde vore sjølve gneisten i ei IKT-satsing dersom det hadde gjeve meining å bruke datamaskina i skulen, men slik det no er, er IKT i skulen ein marknad for entusiastar og teknologar meir enn pedagogar.

Lærarorganisasjonane og (mellom anna) IKT

Einar Berg, tilsett ved Olav Duun videregående skole, peikar i ein ypperleg bloggartikkel på dei unnvikande og uopplyste (dette er mine ord, ikkje Bergs) haldningane til IKT i skulen blant lærarorganisasjonane. Desse haldningane kjem til uttrykk i negativt preik (badmouthing, som det så ypperleg heiter på engelsk) om NDLA, negative skriblerier om fylkeskommunanes satsing på berbare maskiner i skulane, med meir. Les Bergs post, som er spekka av lenkjer til artiklar, lesarbrev, etc. 

Mitt innspel er dette: Eg har, saman med kollega Leif Harboe, halde ei rekkje kurs for lærarar i den vidaregåande skulen i Rogaland, der målet har vore å vise og lære vekk ulike vertkøy til bruk i norskundervisinga. Eg skal innrøme at eg var skeptisk til utfallet av desse kursrundane. Koss ville det eg har oppfatta som ein nokså traust (og, må det seiast, godt vaksen) stamme av norsklærarar i den vidaregåande skulen reagere på døme frå skriveopplæringa der vi brukar reiskaper for å redigere film, setje saman lyd og bilde, samskriving ved hjelp av wiki-vertkøy og Google Docs — i det heile tatt ei rekkje verktøy som passar inn under den såkalla Web 2.0-paraplyen?

Haldningane til desse lærarane står i alle høve i sterkt kontrast til unnlatenheita til organisasjonane som skal representere lærarane. Vi opplevde svært positive lærarar, nyfikenheit og gode pedagogiske diskusjonar. Ikkje flat beundring for media, men kritiske og gode refleksjonar.

Eg trur derfor ikkje lærarorganisasjonane er på linje med medlemmene sine i dei ulike spørsmåla som har dukka opp om innføring av berbare datamaskiner og digitale læremiddel i skulen.

Joda, norsklektoren som leverte hovudoppgåva si om Ibsens sterke kvinneskikkelsar i 1967, og som sidan har prøvd å få elevane til å reprodusere dei same problemstillingane, dukkar sikkert ikkje opp på slike kurs, men sit på den faste plassen sin på lærarrommet og sutrar over det alle andre kallar utvikling. Eg kjenner godt denne fyren òg. Men med utgangspunkt i mine røynsler, både som lærar og kurshaldar, har eg opplevd lærarane i den vidaregåande skulen som opne og villige til å ta inn over seg det at IKT er noe som ikkje går over.

IKT-satsinga i skulen ikkje handlar om fantastiske pedagogiske nyvinningar, men ei generell utvikling i verda utanfor skulen, som igjen må få følgjer for koss vi tenkjer kunnskapar og læring. Det er svært trist for lærarorganisasjonane at dei ikkje grip det poenget begjærleg, men sit og sutrar saman med Lektoren på sine faste plassar på lærarrommet. Eit like stort paradoks her er det store gapet mellom ein annan interesseorganisasjon, Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening (NFF), og deira medlemmer, jamfør denne bloggposten.

Som det har vist seg mellom anna i tilsetjingssaker og skulepolitikk, er desse organisasjonane blant dei mest effektive hindera for utvikling i skulen, og gjennom medlemsavgiftene dei får syt vi føre at dei får halde på slik: Ansiennitet og formalitetar er viktigare en talent og initiativ, og IKT lagar rot og kaos.

Då er Norsk digital læringsarena (NDLA) lansert!

Ei lita oppsummering for dei uinnvigde: 

NDLA er eit tverrfylkeskommunalt initiativ for å sikre gratis, digitale læremiddel for elevar i den vidaregåande skulen. Meininga er å skape ein arena meir enn ei bok; skilnaden mellom desse to metaforane er viktige — prosjektskildringar og heile grunnlaget for NDLA kan hentast fram og lesast på ndla.no. 

No er altså nettstaden lansert, på http://fag.utdanning.no/. Som redaksjonsmedarbeider i norskredaksjonen vil eg peike på at det som ligg ute no er meir å rekne som eit rammeverk som vil bli fylt opp av lærestoff av ulik karakter. Det ligg rett nok nokre tekstar der no, men desse er for det første under arbeid, for det andre ligg der få tekstar, og for det tredje vil dei verkeleg spennande tilnærmingane til læring kome i dei følgjande stega (det næraste skuleåret): Fagwikiar, ulike verktøy for å lage samansette tekstar av ulikt slag, lydversjonar/podcastingar av tekstane, differensierte utgåver av alle tekstane, mediabank, språkversjonar, med mykje meir. Vi jobbar på spreng, både med nyutvikling og kvalitetssikring.

Eg trur, dersom bevilgande myndigheiter ikkje no får panikk (til dømes av sur kritikk frå ulikt hald med ei eller anna interesse av at dette skal gå ad undas) og skrur igjen kranene, vil dette vere grunnlaget for ei svært sprek tilnærming til undervisinga, på mange plan: Ein arena for elevmedverknad, for kontinuerlig oppdatering ved hjelp av fagfolk, i det heile ein dynamisk arena for læring meir enn ei samling skuletekstar.

Samstundes høyrer eg lektorane, medan dei sitt krokrygga over PC-ane sine og klikkar seg igjennom sidene: Når blir dette ferdig?

Dette læreverket blir aldri ferdig, og her ligg det store potensialet i det.

Kursserie for RFK

Dei neste vekene går i hovudsak med til ein kursserie for Rogaland fylkeskommune, primært for lærarar som skal undervise i VG1 til hausten. Kurset blir halde av Leif Harboe og meg, og handlar om digitale ressursar til bruk i norskundervisinga. Eg må seie eg er imponert (så langt) over kondisen til desse kurstakarane; vi gjennomgår svært mange verktøy på kort tid, og det skal litt til å henge med i svingane for folk som ikkje har halde på med dette før.

Oppdatering, by request:

Vi gjennomgår følgjande, med døme frå eiga undervising:

- ulike tips i bruk av it's learning, særleg mynta på norsklærarar (prøve, test, undersøking, oppgåve, søk, lenkesamling)

- ulike måter å rette på skjerm (Word, Direct Edit og Markin)

- Wikispaces (gruppeskriving, publisering av fagtekstar, eleven som produsent)

- Blogger (blogg til bruk som refleksjonsreiskap, eleven som produsent, dialog i skriving)

- Photostory (subsidiært JumpCut) (samansette tekstar i digitale medium, Digital storytelling)

- Podcast

- Google Docs (prosessorientert skriving)

- Google Reader/Bloglines/Delicious (å sortere ressursar, halde kontroll på ei mengd ressursar)

Er ein laptop per elev daufødd?

Rogaland fylkeskommune (RFK) påbyr alle elevar som startar på VG1 det komande skuleåret å kjøpe ein berbar PC til bruk i undervisinga. Dette påbodet kjem trass i at det er vedteke at alle læremiddel skal bli gratis, og tanken er å tilby gratis digitale læremiddel. Eg støttar langt på veg eit slikt prosjekt, av ulike årsaker.

Likevel er det interessant å skotte til andre som meiner dei har svært negative røynsler med ein laptop per elev. Denne artikkelen i NY Times rapporterer nettopp om skular som har hatt lange prosjekt gåande der alle elevar har kvar sin laptop, og som har avslutta prosjektet av di dei ikkje finn målbare auker i kunnskap. Kan hende nettopp dette med at dei ikkje finn målbare auker i kunnskap er det interessante her.

Framstegsoptimismen knytt til teknologi har sjølvagt røter langt tilbake i tid. Daniel Appollon har skrive eit flott kapittel om dette kopla til IKT i boka Humanities Education and the challenge of e-Learning, der han mellom anna koblar synet på utdanning saman med samfunnsforholda for øvrig. I eit samfunn der teknologi ligg bak all form for vekst, er det ikkje unaturleg at teknologien blir ein agent for kunnskapsvekst. Ein følgjeleg mekanisk og kontrollert struktur vil då kunne liggje til grunn for læringssystema, slik vi ser det i læringsportalar som it's learning. Kunnskap i dette paradigmet er noe som ligg lagra som einingar i læraren, og som blir overlevert i ei rett linje frå lærar til elev. Eleven overtar desse einingane, og kan i gjevne situasjonar demonstrere kunnskapen sin ved å reprodusere dei, eller jamvel kople dei saman med andre kunnskapseiningar, sjølververva eller overtatt frå læraren. 

Det er lett å sjå kor enkelt eit slikt kunnskapssyn gjer det. Det er for det første enkelt å administrere undervising og læringssituasjonar, sidan dei krev ein nokså rigid struktur utan å utfordre autoritetane. Det er vidare enkelt å måle kva kunnskapar du har fått etter ei viss tid, og demonstrere for verda rundt deg at systemet fungerer. Dersom vi skal skotte til systema vi har for å måle kunnskapar i vår del av verda, lesetestar og store undersøkingar i fleire fag (som til dømes PISA etc.), ser vi kan hende at dei løner eit slikt kunnskapssyn, eller paradigme. I alle høve er det sikkert at dagens eksamenssystem i Noreg (og i dei fleste andre land, slik eg kjenner det) er bygd opp rundt eit slikt kunnskapssyn. Eg førebur mine 3.-klassingar på ein eksamen der det blir forventa at dei har kjennskap til ein kanon, og kan avlevere ei utlegning av denne kjennskapen i ein korrekt sjanger (skriftleg eller munnleg). 

Meiner ein derimot noe anna om kva kunnskap er, blir alt langt meir komplisert. Innanfor den svære og klumpete sosialkonstruktivistiske sekken finn ein idear om at kunnskap er noe som oppstår mellom menneske i dialog, altså ikkje som ei overlevert eining i rett linje mellom lærar og elev. Å søkje kunnskap handlar dermed om prosessar, ikkje pugg. Det er derfor ikkje urimeleg at målesystema for oppnådd kunnskap i det eine systemet ikkje passar for det andre systemet.

Viss vi luktar godt etter, kjenner vi kan hende her lukta av hundelik. Det gjer i alle høve eg. Verda ein elev møter når ho sit med ein eigen laptop kopla til Internett er heilt ulik verda i dei aller fleste skulestover. Dei alle fleste av aktivitetane hennar handlar om samankopling, dialog og samarbeid: Blogger, MySpace, Facebook, MSN — alt handlar om dialogen med andre. Internett er i sin essens dialogisk; det handlar om ein brukar som styrer ei datamaskin i eit nettverk av andre brukarar med sine datamaskiner. Brukaren er nøkkelen, ikkje maskina. Snarare enn, som nokre skular i artikkelen eg nemner øvst gjer det, å sjå på dette som eit hinder for læringa, bør det sjåast på som ei gåvepakke til den sosialkonstruktivistiske vendinga i kunnskapssynet. Artikkelen i NYT peiker nettopp på at ein ikkje kan måle ei auke i kunnskapane for dei som har laptopar, samanlikna med dei som ikkje har det. Dette burde ikkje vere ei overrasking; det er svært vanskeleg å måle avstanden mellom to planetar ved hjelp av ei badevekt.

Ta eitt døme til: NYT-artikkelen nemner som døme på eitt av problema dei har, at elevane heile tida greidde å knekke tryggleikssystemet til nettverket på skulen. For kvart tiltak skulen gjorde, følgde elevane på. Men er dette eit problem? Du har alltid eit gjerde nokre har lyst til å lage eit hol i, anten gjerdet er rundt ein server eller ein bygning. Eg er overtydd om at dette er eit problem som handlar om kva syn ein har på mennesket, snarare enn eit teknisk problem. Jon Hoem kritiserer nettopp dette i ein bloggpost; tendensen til alltid å mistenke andre for det verste, og vise dei mistillit ved å opprette juksefilter etc.

Likevel: Det desse elevane gjorde er å oppsøke kunnskapar på eit svært høgt nivå for å løyse eit problem i samarbeid med andre, ved hjelp av IKT. Paradoksalt nok bidrog desse til å fjerne sine eigne datamaskiner, ved hjelp av metodar eg og mange med meg meiner kunne ha ført skulen nokre steg vidare. Tilbake til pugginga, altså, for resultatet av pugg kan målast og gjerast til eit politisk og økonomisk poeng.

Til hausten skal vi altså utstyre alle VG1-elevar med kvar sin laptop. Eg er nokså sikker på at ei manglande forståing av mulegheitene IKT byr på vil føre til den same konklusjonen hos oss: At IKT distraherer elevane meir enn dei gjev dei kunnskapar. Skuledagen må omorganiserast, og heile eksamensordninga må tilpassast verda slik vi gjerne ser på ho i dag. Berre svært trivielle problemstillingar kan løysast ved at du sit i fullstendig isolasjon og gulpar opp det du måtte ha fått med deg av informasjonsbetar i løpet av X år i eit klasserom.

Tilsegn frå Kunnskapsdepartementet

NDLA har altså fått den endelege tilsegna frå Kunnskapsdepartementet, som tyder at KD endeleg har løyva 15 millionar kroner til utviklinga av digitale læremiddel i faga norsk og naturfag, i dei 18 fylkeskommunane som har slutta seg til NDLA. Oslo køyrer sitt eige løp, og har fått statlege midlar til å utvikle eit læringsopplegg rundt ein spel-idè, medan dei resterande fylkeskommunane altså sluttar seg til NDLA-prosjektet.

Dette er svært gode nyheiter for oss i NDLA, som jo har venta i spenning på om vi får den endelege tilsegna.

Tilsegnsbrevet kan du lese her.

Avdelingsdirektør i KD, Øystein Johannessen, er ein ivrig bloggar, og han har òg for vane å leggje ut PDF-ar frå føredraga sine på Slideshare. Sjå bloggen hans her, og søk han gjerne opp på Slideshare. På mange måtar ei førebiletleg openheit.

Bokbransjen og NDLA

Som venta reagerer bokbransjen på at det blir løyva statlege midlar til produksjon av lærebøker for den vidaregåande skulen. I Aftenposten i dag er leiaren av Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening, Kjell Lars Berge, på bana og meiner eitt og hitt om dette prosjektet. Følg denne lenka for å lese innlegget, og les òg NDLAs svar i diskusjonstråden tilhøyrande artikkelen. (Her er NDLAs heimeside.)

Eg synest for så vidt rekasjonane er OK og langt på veg forståelege, men likevel utan forståing for kva posisjon eit digitalt læreverk skal/bør ha andsynes læreboka. Dette gjeld ikkje minst spørsmålet om koss tekstar skal produserast og kven som skal ha kva rettar til tekstane. Eg er ikkje for eit statleg lærebokmonopol sjølv om eg er redaksjonsmedlem i NDLA-norsk, og det er ikkje eit slikt monopol vi er på jakt etter. Eit digitalt læreverk kan strekke seg langt i retningar boka ikkje kan drøyme om å kome, og vil konkurrere på nokre område og supplere på andre. Ved å late dette vere eit statleg initiativ kan ein opne for andre typar bruk av mediet enn dersom eit forlag skulle ha gjeve ut ei heildigital bok: Vi kan granularisere tekstane og opne for at dei kan opptre i nye samanhengar, utan å vere bekymra for rettigheitsspørsmål. Til dømes kan ein lærar hente inn delar av NDLA-stoffet i Google Earth, og skape ei litterær Hamsun-vandring i Noreg, med faktastoff, lyd- og bildeklypp lenka til Google Earths kart og bilete, utan å vere bekymra for at rettane til lærestoffet som opptrer i ein annan samanheng (t.d. på Google Earth i staden for i eit fastlåst digitalt grensesnitt, ei digital "bok") blir krenka. Dette ligg langt utanfor slik eit forlag ville (og kunne) gjere det.

Og her nemner eg ikkje ein gong opplagte føremoner som eit slikt læreverk vil kunne ha: Oppdatering, korrigering og drøftingar av fagstoff, søk (alt materialet skal taggast), tilpassing til ulike behov, diskusjonar tilknytt artiklar, elevarbeid, med meir.

Som lesevitar er eg i tillegg forundra over det manglande begjæret til ein mann som Kjell Lars Berge, når ein her snakkar om lærebøker på ein ny måte. Kan hende har det berre med kva hatt Berge har på seg her, men veit vi ikkje nok om dei digitale media no til å gje opp dikotomiseringa mellom det digitale og papiret? Er det verkeleg slik at Wikpedias delekultur er fy-fy, og rettane til ein tekst skal definerast ut frå cellulotiske forståingshorisontar, frå papirverda? Musikkbransjen har slåst med digitaliseringa lenge no, og tekstkulturane vi ser på nettet illustrerer endå betre kor vanskeleg det er å oppretthalde gamle regimer i ein digital kvardag. Dette burde ein lingvist av Berges kaliber vite svært godt.

Oppdatering: Les Espen Andersens respons på Aftenposten-utspelet.

Oppdatering 2: Les Eirik Newths temperamentsfulle innlegg i denne saka, der han går til angrep på det han meiner er Kjell Lars Berges haldningar til eigne organiserte. 

Digitale læremiddel igjen

Ting skjer fort i samband med å stable på beina digitale læremiddel for elevar i den vidaregåande skulen, og i morgon (onsdag) skal prosjektleiinga og fagredaksjonane i norsk og naturfag (dei to faga som skal vere på nett hausten 07) møtast på Flesland. Fagredaksjonen og medarbeidarane blir (til ein viss grad) spreidde utover landet, men ulike fylke får ulike ansvarsområde (fagredaktøren i norskfaget kjem til dømes frå Vestfold, saman med ein redaksjon og eit produksjonsmiljø frå ulike delar av landet).

Leif Harboe (som òg skriv her til bloggs) og eg vil (i alle høve i dei innleiande rundane, men sannsynlegvis også i framhaldet) vere med i fag- og produksjonsmiljøet (kva — bruker eg mange parentesar?).

Dette blir jo unekteleg eit nybrottsprosjekt, og derfor er det svært spennande å vere med på.