Arkiv for kategorien “Norskfaget”

Med utgangspunkt i ein interessant diskusjon kring skulens syn på tekst og forfattar, i første omgang om skriftleg tekst, eit par postar ned (“Norsklæraren revisited“), kastar eg ut ei skisse som er eit forsøk på å setje opp koss ulike tekstar kan tenkjast å forhalde seg til storleikane “tekst” og “forfattar.” Dette vil eg presisere er heilt vitskapleg uforpliktande, og gjort i ein fei i ein leikande ånd — svært spekulativt, med andre ord. I eit slikt diagram manglar masse informasjon (her skulle jo vore laga ei ordentleg korrespondanseanalyse med langt fleire faktorar inne: Grad av institusjonell tilknyting, etc.), men lat oss tenkje oss at vi plottar inn ulike tekstar i eit diagram med to akser; X: Tekst, med ein glidande skala frå fast til flytande, og Y: Forfattar/forfattarskap, med ein glidande skala frå einsemd til kollektiv. Klikk for leseleg (og stor) versjon: tekstogforfattar


For å byrje med polaritetane: Ser ein vekk frå forhald som institusjonstilknyting osv., vil her den klassiske og noverande avsluttande skriftlege eksamenen i norsk skule vere i det motsette hjørnet av Wikipedia, der Wikipedia er ein type tekst som etterstreber flyt, medan artiumsstilen (det heiter jo ikkje det, men la gå — det høyrest passe polemisk nedlatande ut) har såpass strenge krav at han både er lukka og endeleg. Vi ser òg at fleire av dei andre typiske skulestilane finst i det nord-vestre feltet, medan fleire av dei digitale sjangrane befinn seg i sør-aust på kartet. Viss vi hadde plotta inn fleire sjangrar som elevane skal forhalde seg til når dei er ute av klørne til norsklærarane sine, vil eg tru at dei aller fleste hamnar i austfeltet, med langt større aksept for kjeldebruk, redaksjonell hjelp, rettleiing og innspel i teksten enn det skulen tillèt. Avhandlinga vil eg tru høyrer heime rett under “Nyheitsartikkkel papir,” der produktet ditt gradvis blir forma av eit par rettleiarar, innspel på konferansar og frå fagfellevurderingar av artiklar som skal vere med, etc. Altså langt vekke frå den vidaregåande skulen sitt tekstideal.

Dette er jo berre eit tankeeksperiment, men det kunne ha vore interessant å realisere eit slikt prosjekt som ein kombinasjon av spørjeundersøkingar blant lærarar og elevar, i tillegg til tekstanalyser, der ein nytter korrespondanseanalyse på materialet for å sjå samanhengar mellom tekstsyn, maktforhold, tekstbruk, etc.

Poenget mitt er uansett berre det å argumentere for å opne for eit anna syn på kva tekst og forfattarskap er eller bør vere i skulen. Det skumle her er at dei to tekstane øvst til venstre er dei som langt på veg definerer koss skriving er i den vidaregåande skulen (trass i at det no blir gjort (stakkarslege) freistnader på å opne for kjeldebruk på avsluttande eksamen), medan tekstskaping i resten av verda oppheld seg langt vekke frå desse tekstane.

Comments 5 Kommentarer »

Litt interessant er det å grave i fordommane kring dette med gute- og jenteaktivitetar, og ein har gjerne trudd at datamaskina var eit typisk gutedomene. PEW-undersøkinga* viser derimot at jentene har inntatt PC-en, som innhaldsprodusentar på weben, i alle høve. Eit betydeleg høgare antal jenter mellom 15 og 17 bloggar eller skapar andre typar websider, og jentene i den same aldersgruppa dominerer óg når det gjeld å skape eller arbeide på websider for andre, og når det gjeld å skape profilar på sosiale nettverkssider (som Facebook og MySpace).

Jentene siglar altså opp som dronningane av innhald på weben. Skiljet mellom gutar og jenter er her interessant, og eg skulle gjerne likt å få greie på kva dette går i. Vi veit jo at jentene les fleire bøker (romanar) enn gutane, og at typiske lese- og skriveaktivitetar som jenter gjer ligg nærare opp til dei lese- og skriveaktivitetane eller -ideala skulen har. Når det her ser ut til at jentene på ein del område òg erobrar datamaskina, vil det vere interessant å sjå kva fellesnemnarane er mellom jentelesing på og av nettet, og det same med gutane, vidare kva skilnadene består i og kva grunnar det er til dette.

Ikkje minst er det interessant å sjå på kva ideal som ligg til grunn for dei ulike måtane å lese og skrive på, og koss skulen handsamar dette. Er det slik at vi i skulen kjem til å ta med oss meir eller mindre det same tekstidealet som alt er til stades i skulen over i nye medium, og halde fram med marginaliseringa av eit stort utval lese- og skriveaktivitetar, som då gutane representerer (diskusjonsgrupper, spel, etc.)? Er bloggen i ferd med å bli den nye jentestilen, og er gutane taparar også i desse semiotiske felta?

* Undersøkinga bør sjølvsagt lesast for seg, men via Jilltxt.net blei eg merksam på denne artikkelen i nytimes.com

Comments Ingen kommentarer »

Leif har eit innlegg på bloggen sin om det å vere norsklærar, der han drøftar ei rekkje forhold rundt yrket, med utgangspunkt i jamnlege påstandar om kor ille det er å vere norsklærar/-lektor. Eg har sjølv nokre år som norsklærar/-lektor i den vidaregåande skulen, og synest det var ein flott jobb, som eg på mange måtar saknar. Likevel vil eg hive inn ein liten slant i denne diskusjonen, og peike på etter mitt skjønn eitt av dei heilt sentrale momenta det må ryddast opp i i norskfaget. Ein lang og parentesfylt tekst, som fungerer som eit slags hjartesukk ein fredags ettermiddag. Kan hende eg angrar seinare, men det er jo berre ein bloggpost:

For meg har den store innvendinga mot koss vi driv norskundervising handla om skriveopplæringa. Drøftingar om pensum, kanon, inn eller ut med Ibsen, koss å få elevar til å like Bjørnson etc. er dei enkle spørsmåla. Vi kjem ikkje forbi at elevane blir vurderte etter dei skriftlege produkta dei leverer (pluss ein ullen munnlegkarakter som ingen eigentleg veit heilt kva er), og skriveopplæringa blir følgjeleg svært viktig.

Samstundes er det, som Leif peiker på, ingen formelle system rundt lærarens arbeid med elevtekstane; ingen krav til eins rettepraksis (med unnatak av eksempelstilar og fellessensur for avgangselevar, som i beste fall gjev tvilsame utfall) og ingen krav til kvalitetssikring av tilbakemeldingane elevane får. Norsklæraren er ei øy, som sikkert Anne Grete Preus ville ha sagt det, hadde ho laga ein sang om norsklæraren.

Legg då til at elevane og lærarane stort sett alltid har arbeidd med dei same tekstane (med svært små endringar dei siste åra) og den same strukturen/ideologien for skriveopplæring i absolutt alle år: Eleven skal prestere ein akademisk tekst meir eller mindre i einsemd, læraren skal gje kvalifiserte tilbakemeldingar på denne teksten, og eleven skal ta inn over seg desse tilbakemeldingane og ta med seg dette når han eller ho skriv den neste teksten. Om igjen og om igjen, ad nauseam.

Det rare er at vi alle, både instinktivt og frå teorien, veit at av alle måtar du kan drive skriveopplæring på, er dette den minst effektive, eller kan hende den mest ineffektive. I tillegg til at eleven lærer lite, fører denne metoden til gigantiske rettebunkar, for alle elevane må jo skrive ein så lang tekst som mogleg kvar gong. Eleven slit altså med å få oversyn over kommentarar som handlar om alt frå fagleg innhald, makronivå og mikronivå, og læraren jobbar seg skakk for å kome igjennom alle bunkene med livet og den faglege integriteten i behald. Helgene og feriane har han ikkje i behald, uansett.

Men kven har sagt at måten å lære å skrive ein tekst på er ved å sitje åleine og skrive ein lang tekst om igjen og om igjen? Ingen eg veit om som har greie på dette seier det. Og kven har sagt at den einaste måten å synleggjere progresjon og måle skrivekompetanse på er ved å gje karakterar på 3 lange tekstar per målform per termin, og ved å ihjelkommentere lange tekstar gong på gong? Eg ser ikkje at dette kan argumenterast for særleg godt.

Norsklærarane er ufriviljuge agentar for eit eldgammalt, romantisert syn på både tekst og forfattar, der tekst er eit einsamt produkt forfatta av eit (gudommeleg) inspirert geni. Målet for skriveopplæringa er dermed å framelske slike romantiske geni i klasserommet, og ideala deira er til sjuande og sist kodeksen — den lange, verbalteksten. (Kan hende med ein ekstra forkjærligheit for romanen: Hugs at vi ikkje fekk ei særleg norskfagleg oppgradering av synet på sakprosatekstar her til lands før på 1990-talet.)

Kvifor kan ein ikkje heller skrive kortare tekstar og til dømes byggje desse ut til lengre tekstar etter kvart, ikkje gje tilbakemelding på alt alltid, og vente med å gje karakterar til eleven faktisk har arbeidd med ulike aspekt av ein tekst (til dømes først 2. året på vidaregåande, eller i februar i løpet av skuleåret)? Ein kunne då ha risikert at a) elevane hadde hatt oversynet over tilbakemeldingane dei fekk, sidan tilbakemeldingane blei færre og spissare; b) karakterfokuset hadde blitt fjerna, sidan eleven berre fekk tilbakemeldingar på tekstar, og ikkje karakterar før dei hadde innarbeidd gode arbeidsvaner i skrivinga; c) elevane fekk eit forhold til både makro- og mikroplanet i ein tekst, ikkje berre ei grautete oppfatting av "utdjup dette" og "feil i verbbøyinga," og d) ein hadde opplevd eitt eller anna rettvist ved at karakteren kom som ei følgje av systematisk arbeid med tekst, ikkje for å rettferdiggjere ein terminkarakter som du må ha, slik det er no.

Dagens praksis er ein samankokt graut av industri (30 stilar inn, retting, 30 stilar med tilbakemelding ut = læring) og romantikk (det guddommeleg inspirerte skrivegeniet), som framelskar dei som alt er flinke, dei som skjøner dialekta, skulediskursen, og som greier seg uansett. Akademikarungane.

Det har blitt sagt at tekstsamfunna vi er på veg inn i på weben har meir til felles med den plastiske før-gutenbergske tekstkulturen, der Gutenberg representerer ein historisk parentes, ei unaturleg sentrering rundt eigarskap til teksten, romantiseringa av både forfattar og roman, og sementering av teksten i ei ferdig trykt bok. No er eg ikkje sikker på at det stemmer at det etter-gutenbergske tekstomgrepet kan karakteriserast som så fiksert og upåverka av andre enn forfattaren; involvert i ein trykt roman (eller kva bok som helst) er mange skrivarar — redaksjonar, konsulentar, etc. — som alle formar boka, gjerne på nytt i utgåve etter utgåve. Men at omgrepa "forfattar" og "tekst" blir skeivt tolka i skulen, er eg ikkje i tvil om, og det er relativt enkelt å sjå dette når ein nyttar dei nye skriveromma på nettet som kontrast. At til dømes Wikipedia, som ein kollektiv, flytande, foranderleg tekst har fått den rolla det har (både som provokatør, som fyrtårn, som ein spegel mot andre tekstkulturar og -syn og ikkje minst som fungerande tekst og kjelde) er berre eitt av mange døme på at vi er nøydd til å reorientere oss i skulen når det gjeld skriving og lesing. I alle høve dersom det vi seier skal ha relevans for verda.

Det beste for norskfaget hadde kan hende vore at det hadde blitt lagt ned som eit altomfattande skrive-, lese-, kommunikasjons- og morsmålsfag, og erstatta av fag der eitt av faga var eit kommunikasjonsfag som hadde i seg mulegheiter til å ta inn over seg det materielle mediet si rolle i tekstskapinga, lesing og skriving som noe meir enn den akademiske diskursen, kommunikasjon i eit svært semiotisk felt på tvers av (og forma av!) ulike medium, etc. I så måte kan Ibsen og Aasen relokerast, ikkje hivast ut, slik at det blir plass til både refleksjon rundt kvinner i litteraturen på 1800-talet og tekstproduksjon i nettbaserte skriverom der ungdommane kan påverke verda rundt seg i kraft av skrift, og sjå koss det er å bli stilt til ansvar for haldningar og meiningar. (Det blir dei vel knapt når dei leverer diktanalyser av "Landskap med gravemaskiner," skrivesjangrar som framleis lèt til å vere idealet for skriving i nordisk- og litteraturvitskapmiljøa, som jo leverer norsklærarar til skulen.) Ein plass der både jenter og gutar finn sine skriverom, ikkje berre den romanlesande og langstilskrivande Lise.

Skulen mistar jo den kontrollen veggane i klasserommet, skrivebordskuffa og den lektorale allvitenheit og autoritet gjev, då. Og det er jo farleg. 

Comments 17 Kommentarer »

Klokka 0903 måndag førstkomande er eg å treffe i Språkteigen på NRK der eg snakkar om ungdommar, skule og digitale tekstar. Av ei nesten samanhengande babling i om lag eit kvarter skal det klyppast ut nokre minutt, så eg håper det blir ein fin klypp og at det eg meiner er gode poeng blir bevart, saman med nyansane. Det eg prøver å få fram er avstanden i tekstsyn mellom (store delar av) skuleverket/akademia og nye digitale skriverom, og utfordringane vi har i samband med dette.

Det eg snakka om som eg veit ikkje kjem med (men som forhåpentlegvis blir eit tema når Språkteigen tar opp normeringsdebatten i nynorsk), er koss nynorsken, trass debattar som rasar om nynorskstilar og normering, snik seg inn bakvegen, gjennom til dømes bloggar skrivne på dialekt (men òg SMS-språk, MSN, etc.). Det er ein akademisk trong til å vise ut denne skrivinga òg, og erklære ho skadeleg og nærast umoralsk, trass i at mange av tekstane er vitale, aktive og ber med seg bøtter og lass av engasjement, identitet og tilhøyrigheit som du skal leite lenge etter i diktanalysane dei same akademikarane skattar. For å spissformulere ikkje så reint lite.

Men for eit halmstrå for nynorsken! Tenk å få han inn igjen som eit slags junta-språk for folket i protest mot det overakademiserte, bokmålske og anglifiserte? Men hei, vent litt, har eg ikkje høyrt om eit liknande språkprogram før?

Comments Ingen kommentarer »

Eg vil for ordens skuld først av alt gjere merksam på at eg skriv dette innlegget på vegner av meg sjølv, og ikkje på vegner av norskredaksjonen i NDLA, som eg er tilknytt. Dette er altså mine eigne meiningar, og ikkje nødvendigvis noe norskredaksjonen eller NDLA står inne for.

Saka er den at Forleggerforeningen har bestilt ein rapport om moglege konsekvensar av NDLA for læremiddelutviklinga i Noreg. Forleggerforeningen meiner sjølvsagt at det bør vere eit mangfald av læremiddel i Noreg, der brukarane sjølv må få velje det innhaldet dei meiner passar. Læremiddela må derfor utviklast og tilbydast i ein fri marknad. Rapporten er utført av rådgjevarane Econ Pöyry, og er oversendt Kyrkje- undervisings- og utdanningskomiteen, sjølvsagt som ein lekk i lobbykampen om ein stor og lukrativ (ikkje minst grunna offentlege tilskott) marknad for forlaga.

Det er vanskeleg å vite kor ein skal byrje her; eg fekk rapporten av Eirik Newth laurdag kveld, og har nett gjennomlese han. Eg støttar meg til at rapporten kjem til å bli grundig kommentert i bloggosfæren. Eg tar derfor berre utgangspunkt i eit par overordna spørsmål som rapporten reiser, og byrjar med konklusjonane. (Rapporten kan for øvrig lastast ned via Espen Andersens blogg, som óg på ypperleg vis set denne rapporten på plass.)

Econ konkluderer med at NDLA kan føre til ein kraftig reduksjon av satsinga på læremiddel i forlaga, og som følgje av dette ein konsentrasjon av materiale rundt NDLA, med eit redusert mangfald i norsk læremiddelutvikling som resultat. Manglande konkurranse vil endeleg føre til dårlegare kvalitet på læremiddela som går ut til skulane.

Fanden på forlagsveggane, med andre ord.

Eg nøyer meg her med å knyte nokre kommentarar til eit par av premissane som ligg til grunn for diskusjonen Forleggerforeningen og Econ fører. 

1. For det første føreset dei at det finst ein stor og mangfaldig flora av læreverk på marknaden, tilpassa ulike behov og føresetnader.

Dette er berre delvis sant. Det finst mange lærebøker, javisst. Men i mitt fag, som er norsk, er det i det store og heile marginale skilnader mellom desse læreverka. Vi har vald mellom læreverk som har ulik layout, til ein viss grad ulike tilnærmingar til oppgåvene, men i det store bildet handlar dette ikkje om ein valfridom med store pedagogiske eller metodiske konsekvensar. Lærebøkene er rett og slett variantar av kvarandre, tufta på det same læringssynet, med visse skilnader. Læreboka frå Gyldendal tilbyr ikkje noe særleg annleis enn læreboka frå Samlaget — det er trass alt grenser for kor stor variasjon det kan vere mellom bøker som skildrar det same pensumet.

Eg synest rett og slett ikkje at det skal vere ei opplesen, vedteken og uproblematisert sanning i 2007 at bokbransjen sørgjer for mangfaldet av stoff til bruk i læring i skulen. Til dette ligg det til grunn eit alt for snevert syn både på "læremiddel" og "variasjon." At bransjen ønskjer å halde på massane av bøker som blir velta ut over oss er ei heilt anna sak.

2. Lærarane har valt mellom ulike læreverk tilpassa ulike behov.

Joda, vi har valt, men som eg nemner over, er det ikkje snakk om dei store variasjonane. Men eit viktig moment må her nemnast: I det læremiddela skulle bli gratis for alle elevar, fjerna ein samstundes rolla lærarane hadde som beslutningstakarar andsynes eigne elevar og la dette til eit skuleleiarnivå. Valfridomen Econ argumenterer med, er altså ikkje til stades uansett, eller han er kraftig redusert.

Viktigare er det at valfridomen ikkje er knytt opp til ein flora av lærebøker i ein marknad slik vi kjenner han no, slik Econ svært banalt slår fast. Meir om dette under.

3. Econ hevdar at vegen for å oppnå kunnskapsmål er via læremiddel, forstått som utarbeidde tekstar med didaktisk siktemål, organisert for elevane av ein eller annan fagredaksjon.

Dette er etter mitt syn kjerna i denne diskusjonen. Vi beveger oss no over i ein heilt annan tekstleg og kunnskapsmessig offentlegheit, der meistring endå mindre enn før er likt med det du tileignar deg via bøker, men i aukande grad handlar om koss du greier å finne, analysere og syntetisere informasjonen du har rundt deg. Det handlar i denne verkelegheita ikkje lenger om koss du individuelt forheld deg til teksten du har lese, men koss vi kollektivt organiserer oss rundt tekstar, både digitale og analoge.

Dette har store konsekvensar for koss vi bør se på og handsame kunnskapsomgrepet. Kunnskapar har nemleg ikkje ei verdikjede som startar med ei sementert sanning, til dømes funne i ei lærebok formidla i eit klasserom, og endar opp i eit oppgulp av meir eller mindre det same i ein eller annan prøvesituasjon. Tvert om beveger vi oss meir og meir i retning av å lære og erfare at kunnskapar oppstår i det du interagerer med verda rundt deg; andre menneske, tekstar, teknologiar. Kunnskap skjer, blir skapa, det blir ikkje funne i ei lærebok eller overført frå ein lærar. Kunnskapar er ikkje, har aldri vore, og kjem aldri til å bli ein gjenstand som kan flyttast mellom mentor og elev, bok og hovud, trass i at det er økonomiske interesser som er interesserte i å halde oppe trua på at det er slik det er.

Elevane må opp, ut og og inn i denne kunnskapsverda; dei må lærast opp i og få grep om ho. Dei bør lærast opp i å bruke teknologiane for tekst rundt seg både for å gjere si eiga verd kjent for andre og for seg sjølv; å bli kritisk lesekunnige menneske som kan bidra til at verda går framover, nettopp ved å skape, å involvere seg, kritisere og reflektere. Vi må vekk frå dei individuelle analysane av kanontekstar og over til kollektivt å organisere oss rundt tekstar. 

Den rudimentære omgrepsbruken og kategoriseringa i Econ-analysen reflekterer derfor ingenting anna enn eit svært lite sofistikert syn på tekst, kunnskapar og samfunn, og kan umogleg tene forleggarbransjen. Dei snakkar om at NDLA-satsinga er ei fare for eit mangfald utan å drøfte kva "mangfald" er og skal vere, anna enn mange lærebøker, meir av det same. Kva er dette for refleksjonar?

Det minste ein kan forvente i ein slik analyse, er at analytikarane har skaffa seg innsikt i dokumenta som ligg til grunn for NDLA, og heile prosessen kring koss dette dokumentet (og dei konkurrerande prosjektskildringane) blei til. I denne prosessen har det handla om å knyte saman ulike fagmiljø for å starte ein prosess. Delar av denne prosessen handlar om å skaffe til vege basistekstar for den vidaregåande skulen, eit pensum, om du vil. Men like mykje, meir, handlar dette om ei orientering over i ein annan måte å tenkje kunnskapar på, der engasjement, produksjon og refleksjon på dei einskilde skulane er viktigare enn kva teksten om Erlend Loe på http://fag.utdanning.no/norsk seier. Desse ambisjonane blir reflekterte i ordet arena i namnet Nasjonal digital læringsarena, og er ein viktig del av arbeidet som blir gjort framover.

Dette rører ved omgrepet "mangfald," som er eit kjerneomgrep for Econ/Forleggerforeningen. Mangfaldet i ei slik tenking som eg såvidt skrapar i over er uendeleg mykje større, av di det nettopp handlar om eit mangfald i tekstar, teknologiar og tilnærmingsmåtar. Eg festar lit til at KUF ser intensjonane som ligg bak eit fylkeskommunalt initiativ til utvikling av digitale læremiddel, og ikkje fell for bransjeretoriske påstandar om statsforlag, osb. 

Det at Forleggerforeningen bestiller og godkjenner ei slik undersøking, viser altså at forlaga ikkje er interesserte i å snu seg i ein marknad som spring frå dei, men prøver det dei kan å halde på det same. Dei digitale satsingane til forlaga har vore og er i det same paradigmet, i prinsippet likt læreboka, eller knytt opp mot læreverk som ein må kjøpe. Ein unngår for alt i verda å gå endringane i møte, noe dei har hatt høve til lenge.

Frekt er det, å kaste på KUF noe slikt, som av Espen Andresen i Tversover-bloggen sin kallar eit makkverk.  

Comments 1 Kommentar »

Og medan vi kan håpe på at skulen oppdaterer eksamensformer slik at dei harmonerer med det vi veit om koss kunnskapar blir bygde, ser vi at kunnskapsministeren jobbar i stikk motsett retning. I staden for å utvikle eksamensformer vidare i retning av å leggje vekt på prosessar og arbeid som er gjort over tid, skal ein i ungdomsskulen frå neste år i norskfaget ha ein skrivedag der dei skal skrive to korte tekstar, ein på hovud- og ein på sidemålet. Les innlegget frå ein norsklærar (oppdaga via Jon Hoems blogg) i Bergens Tidende.

Samstundes kan vi òg lese at den same Kunnskapsministeren masar og gnålar om desse evinnelege gulrøtene han trur vil reformere skuleverket og bringe Noreg inn i framtida som kunnskapsnasjon. Når det gjeld frukt og grønsaker i skulen tar dei seg altså tid til å fremje lovforslag

Kunnskapsløft, anyone?

Men, det interessante her er at ein i den eine enden innfører IKT på brei front, med kvar sin berbare maskin til elevane, og verktøy for mappevurdering og pedagogiske vyer snekra saman på sosialkonstruktivistisk grunn, og i den andre enden nektar elevane å bruke denne metodikken for læring ein har brukt årevis på å lære dei, og tar sikte på å måle desse kunnskapane elevane har fått nærast etter gamle, behavioristiske ideal. Ein trener dei på å svømme, men når svømmekunnskapane skal målast, hiv ein dei på land. (Jada, eg fell for metaforfristelsane.) 

Comments 2 Kommentarer »

Einar Berg, tilsett ved Olav Duun videregående skole, peikar i ein ypperleg bloggartikkel på dei unnvikande og uopplyste (dette er mine ord, ikkje Bergs) haldningane til IKT i skulen blant lærarorganisasjonane. Desse haldningane kjem til uttrykk i negativt preik (badmouthing, som det så ypperleg heiter på engelsk) om NDLA, negative skriblerier om fylkeskommunanes satsing på berbare maskiner i skulane, med meir. Les Bergs post, som er spekka av lenkjer til artiklar, lesarbrev, etc. 

Mitt innspel er dette: Eg har, saman med kollega Leif Harboe, halde ei rekkje kurs for lærarar i den vidaregåande skulen i Rogaland, der målet har vore å vise og lære vekk ulike vertkøy til bruk i norskundervisinga. Eg skal innrøme at eg var skeptisk til utfallet av desse kursrundane. Koss ville det eg har oppfatta som ein nokså traust (og, må det seiast, godt vaksen) stamme av norsklærarar i den vidaregåande skulen reagere på døme frå skriveopplæringa der vi brukar reiskaper for å redigere film, setje saman lyd og bilde, samskriving ved hjelp av wiki-vertkøy og Google Docs — i det heile tatt ei rekkje verktøy som passar inn under den såkalla Web 2.0-paraplyen?

Haldningane til desse lærarane står i alle høve i sterkt kontrast til unnlatenheita til organisasjonane som skal representere lærarane. Vi opplevde svært positive lærarar, nyfikenheit og gode pedagogiske diskusjonar. Ikkje flat beundring for media, men kritiske og gode refleksjonar.

Eg trur derfor ikkje lærarorganisasjonane er på linje med medlemmene sine i dei ulike spørsmåla som har dukka opp om innføring av berbare datamaskiner og digitale læremiddel i skulen.

Joda, norsklektoren som leverte hovudoppgåva si om Ibsens sterke kvinneskikkelsar i 1967, og som sidan har prøvd å få elevane til å reprodusere dei same problemstillingane, dukkar sikkert ikkje opp på slike kurs, men sit på den faste plassen sin på lærarrommet og sutrar over det alle andre kallar utvikling. Eg kjenner godt denne fyren òg. Men med utgangspunkt i mine røynsler, både som lærar og kurshaldar, har eg opplevd lærarane i den vidaregåande skulen som opne og villige til å ta inn over seg det at IKT er noe som ikkje går over.

IKT-satsinga i skulen ikkje handlar om fantastiske pedagogiske nyvinningar, men ei generell utvikling i verda utanfor skulen, som igjen må få følgjer for koss vi tenkjer kunnskapar og læring. Det er svært trist for lærarorganisasjonane at dei ikkje grip det poenget begjærleg, men sit og sutrar saman med Lektoren på sine faste plassar på lærarrommet. Eit like stort paradoks her er det store gapet mellom ein annan interesseorganisasjon, Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening (NFF), og deira medlemmer, jamfør denne bloggposten.

Som det har vist seg mellom anna i tilsetjingssaker og skulepolitikk, er desse organisasjonane blant dei mest effektive hindera for utvikling i skulen, og gjennom medlemsavgiftene dei får syt vi føre at dei får halde på slik: Ansiennitet og formalitetar er viktigare en talent og initiativ, og IKT lagar rot og kaos.

Comments 2 Kommentarer »

Ei lita oppsummering for dei uinnvigde: 

NDLA er eit tverrfylkeskommunalt initiativ for å sikre gratis, digitale læremiddel for elevar i den vidaregåande skulen. Meininga er å skape ein arena meir enn ei bok; skilnaden mellom desse to metaforane er viktige — prosjektskildringar og heile grunnlaget for NDLA kan hentast fram og lesast på ndla.no. 

No er altså nettstaden lansert, på http://fag.utdanning.no/. Som redaksjonsmedarbeider i norskredaksjonen vil eg peike på at det som ligg ute no er meir å rekne som eit rammeverk som vil bli fylt opp av lærestoff av ulik karakter. Det ligg rett nok nokre tekstar der no, men desse er for det første under arbeid, for det andre ligg der få tekstar, og for det tredje vil dei verkeleg spennande tilnærmingane til læring kome i dei følgjande stega (det næraste skuleåret): Fagwikiar, ulike verktøy for å lage samansette tekstar av ulikt slag, lydversjonar/podcastingar av tekstane, differensierte utgåver av alle tekstane, mediabank, språkversjonar, med mykje meir. Vi jobbar på spreng, både med nyutvikling og kvalitetssikring.

Eg trur, dersom bevilgande myndigheiter ikkje no får panikk (til dømes av sur kritikk frå ulikt hald med ei eller anna interesse av at dette skal gå ad undas) og skrur igjen kranene, vil dette vere grunnlaget for ei svært sprek tilnærming til undervisinga, på mange plan: Ein arena for elevmedverknad, for kontinuerlig oppdatering ved hjelp av fagfolk, i det heile ein dynamisk arena for læring meir enn ei samling skuletekstar.

Samstundes høyrer eg lektorane, medan dei sitt krokrygga over PC-ane sine og klikkar seg igjennom sidene: Når blir dette ferdig?

Dette læreverket blir aldri ferdig, og her ligg det store potensialet i det.

Comments Ingen kommentarer »

Lenger nedi her har eg skrive mine meiningar om det å måle utbyttet av ein laptop per elev (brukt som ein reiskap for ein ny skule) med gamle mål, som til dømes den avsluttande eksamenen.

Her er ein lesverdig artikkel som kommenterer dei negative resultata som har kome frå slike målingar i USA.

Comments Ingen kommentarer »

Leif Harboe og eg har samarbeidd på tvers av skulane våre om ein konkurranse i å lage den beste mobiltelefonfilmen. Dette er ei oppgåva vi har gjeve i norskfaget, og elevane har fått om lag 6 skuletimar til gjennomføringa (pluss/minus). 

Elevane har berre brukt kameraet i mobiltelefonane sine, og som redigeringsprogram har dei brukt JumpCut, eit webbasert program, gratis tilgjengeleg og lite ressurskrevjande. Dei har heller ikkje fått lov til å bruke opphavsrettsbeskytta lydmateriale. Målet har altså vore å sjå kor langt du kan strekkje enkel og tilgjengeleg teknologi, og å framelske historieforteljartalenta hos elevane. Her ligg både moglegheiter og begrensingar i teknologien.

Elevane skulle lage ei historie på maksimalt 2 minutt over ein av dei 7 dødssyndane.

Her legg eg ei lenke til vinnarbidraget, ein artig variasjon over fabelen om haren og skilpadda. Vinnarane er rett nok 3.-klassingar som har gått på studieretninga for medium og kommunikasjon, men her finst mange gode bidrag, og eg vil for min del konkludere med at det var eit morosamt eksperiment som viser at ein kan gjere mykje med svært lite.

Comments 2 Kommentarer »