Nokså slitne greier, dette har vi snakka om før, men likevel.

Ei melding frå min tidlegare arbeidsgjevar, Rogaland fylkeskommune, som ramla ned i meldingsboksen i it's learning i dag, fortalde at fylket no abonnerer på Store norske leksikon på nett. Slik blei dette formidla frå bibliotekarhald:

Kan bare tilføye at Store norske leksikon er et fyldig kvalitetsleksikon, som blir raskt oppdatert på nettet, og som dere absolutt bør bruke når dere skal finne tilleggsinformasjon. I motsetning til Wikipedia kan dere stole på at alle artikler er kvalitetssikret og skrevet av fagpersoner.

Meldinga kom samstundes som Leif Harboe og eg heldt kurs i bruk av digitale ressursar i norskfaget (lage wiki, blogge, Google dokumenter, etc.) for norsklærarar i Rogaland fylkeskommune. 

For moro skuld, og sidan tida tillét det, henta eg fram det nyinnkjøpte digitale leksikonet, og klikka meg inn på ein av artiklane som var profilert på framsida — ein artikkel om Halldis Moren Vesaas, i høve av at det var 100 år sidan ho vart fødd. Alt i sanntid og på storskjerm, i eksperimentets ånd. Slik ser denne artikkelen ut, altså på SNL (klikk for større bilde):

MOren Vesaas SNL

 "Kvalitetssikret og skrevet av fagpersoner," javisst, men til hjelp? For 20 år sidan, kan hende, men har ikkje noe endra seg?

Vel, eg søkte på den same forfattaren på Wikipedia (der kom det, W-ordet!), og følgjande innhaldsregister viser omfanget av Wikipedia-artikkelen:

 

Les gjerne artikkelen på Wikipedia sjølv, og samanlikn med SNL-artikkelen. Sjå gjerne både på språk og referansar, punkt som Wikipedia stadig blir vurdert etter. At sitatet frå mailen over kjem frå bibliotekarhald er trist men ikkje overraskande.

Uansett, i eksperimentets ånd heldt eg fram, og søkte i begge leksikona på emneordet "Terra." Nyheitene fortalde oss i dag tidleg at Terra-konsernet var slått konkurs, så det er eit aktuelt emne som ein gjerne vil søkje kunnskapar om via nettet. 

Ikkje overraskande var her ingen relevante oppslag i SNL, medan Wikipedia hadde fleire fyldige artiklar, både om konsernet og skandala det er involvert i. På søketidspunktet, ca. klokka 1300 onsdag 28. november, hadde Wikipedia ingen info om sjølve konkursen (men altså fleire om både konsernet og skandalen), men eit ettersøk ein dryg time seinare viste følgjande førstesideoppslag på Wikipedia:

Wikipedia demonstrerer altså her sine forsar. Det morosame var likevel å kunne gjere denne samanlikninga medan hendingane utspela seg føre oss. Diskusjonen i etterkant om rolla til Wikipedia som kjelde var svært enkel å føre.

Eg undrar meg ofte over at kunnskapsarbeidarar, som lærarar og bibliotekarar, framleis vel å forhalde seg til kunnskapar og viten som noe som kan godkjennast og sementerast mellom to permar. Det nokre vel å kalle "ikkje kvalitetessikra," er i realiteten ofte ei spegling av det som skjer rundt oss, koss det skjer, og av farta det skjer i. Ingen redaksjon kan godkjenne dette, det må heile tida reforhandlast i lys av det som skjer med oss sjølve og alt det andre rundt oss. Wikipedia viser oss tydeleg plastisiteten i kunnskapsomgrepet, og dette bør reflekterast inn i kunnskapssynet vårt i skulen. Tekstane vi omgir oss med vil i aukande grad vere meir eller mindre i konstant endring, ulikt slik dei har vore frå Gutenberg og fram til no (men kan hende meir likt slik tekstane var i førgutenbergsk tid?), og det gjer det vanskeleg å tenkje kring kunnskapar slik vi har gjort dei siste par hundre åra.

10 svar på “Ikkje sei W-ordet”
  1. Odin sier:

    …og for å forsterke den positive omtalen av W: Du vil også alltid kunne se hva som har stått tidligere i Wikipedia. Historikk-funksjonen sørger for at endringer vil bli tatt vare på, så endringene i er artikkel vil alltid være åpent tilgjengelig for de som ønsker å se hva som faktisk har skjedd med artikkelen. Åpenheten til Wikipedia er noe man ikke skal glemme som en del av fenomenet. Det er åpenhet rundt hva som er gjort – og hva som er diskutert på diskusjonssidene til hver artikkel. Det er mye enklere å finne ut hva som stod i tidligere “utgaver” av Wikipedia og hvorfor det er endret enn å gjøre det samme med SNL. Og for de som ikke liker at ting endrer seg rask er det alltid en mulighet for å gå tilbake til det de likte i Wikipedia :-)

  2. Arne Olav sier:

    Heilt samd i det, og ein viktig del av Wikipedia. Men det er ikkje sikkert at alle framtidige elektroniske tekstar vil ha det slik. Ein kan jo sjå føre seg at distribusjonen av elektroniske bøker i framtida vil kunne føre til at forfattaren gjer endringar i eit verk fortløpande, utan at det nødvendigvis blir markert som ein revisjon/ei ny utgåve, og at boka slik over tid endrar seg nærast umerkeleg, og utan særleg tydelege spor.

  3. Odin sier:

    Joda, men hvorfor ikke ta vare på historikken? Det gjør jo ting lettere etterprøvbart for de miljøene som setter pris på slikt. Jeg kan godt se for meg at det er viktig og spennende i et leksikon. Hva har skjedd med vår forståelse av et tema, en person, historien til et land opp igjennom levetiden til leksikonet? Wikipedia kan gjøre det enkelt, SNL vil ha problemer med det så lenge det er “boken” som er utgangspunktet. På http://www.gnuskole.no er det kjempegreit å kunne se hvem som har føyd til hva (og av og til hvorfor) slik at vi kan se hvordan en artikkel har endret seg opp igjennom tidene.

  4. arneolav sier:

    Det er heilt topp å ta vare på historikken, og i Wikipedia (og andre liknande løysingar) er det eit argument for denne typen kunnskapsdeling. Men det tyder ikkje at framtidige publikasjonsløysingar (e-bøker, til dømes) kjem til å ha dette som ein innbakt del av løysinga, i alle høve ikkje på den same måten.Tilbydarar av e-bøker kan likegodt vere interesserte i å ha enkle måtar å endre ein tekst på for å gjere oppdateringsprosessen enklare, utan at dei bryr seg om å leggje ope endringane. Tvert imot, det vil for mange berre vere stress å leggje dette ope, noe eg kan forstå, sett frå ein kommersiel ståstad.

  5. I høst satt jeg og skrev om universitetene i Norge for et nytt leksikon. Deriblant skulle jeg skrive om hvor mange universitet vi har i Norge. Samme dag ble det holdt en pressekonferanse hvor daværende kunnskapsminister Djupedal kl. 17.00 opplyste om at vi nå hadde fått vårt syvende universitet, universitetet i Agder.
    På Wikipedia ble dette lagt ut 4 timer etterpå, på SNL gikk det en uke, mens Caplex ikke har fått oppdatert dette.
    Dette synliggjorde for meg wikipedias styrke.

  6. Jon sier:

    I kategorien “frie Wikipedia-vitnesbyrd”: For snart tre år siden satt jeg foran PCen og jobbet med et innlegg om “digital dannelse“. På forsiden av Wikipedia leste jeg at Joseph Ratzinger var valgt til pave. På det tidspunktet fant jeg i beste fall korte bulletiner på de forskjellige nettavisene, og hørte en kort medling på NRK-fjernsynet. På Wikipedia kunne jeg imidlertid lese en fyldig omtale av Benedikt XVI, som selvsagt ble behørig oppdatert i de påfølgende timene. Tanken som slo meg, og som sitter ennå: Ingenting slår dette…

  7. Arne Olav sier:

    Halleluja!

    Det var i denne ånden eg donerte ein neve dollars til Wikmedia-stiftelsen i dag.

  8. 7 kjappe om Store norske leksikon
    [...] positiv side-effekt av Wikipedia-debatten er at pedagogane tek til å interessere seg for oppslagsverk igjen. Litt urovekkande er det at konklusjonen blir at “Wikipedia viser oss tydeleg plastisiteten i [...]

  9. Mange beundrere av de nye mulighetene som sidehistorikkfunksjonen tilbyr har humret seg gjennom den fantastiske skjermkasten til Jon Udell om hvordan sidehistorikken avslører hvilken faglig debatt som har foregått under skrivingen av en artikkel. At artikkelens tema er et obskurt krypto-typografisk emne, nemlig hvorfor tungrockband legger inn liksomtyske bokstaver i sine bandnavn, gjør skjermkasten ekstra underholdende:

    http://weblog.infoworld.com/udell/gems/umlaut.html

    Skal jeg være advocatus diaboli for wiki-skeptikerne, må jeg si at artikkelen om Halldis Moren Vesaas er lite representativ for de (for tiden) 140 000 artiklene på bokmålswikipedia. Den er nemlig én av 112 som er stemt inn som såkalt “utmerket artikkel”, og representerer den beste tusendelen av artiklene. Kikk på nynorsk-versjonen av den samme, som er mer typisk for vanlige Wikipedia-artiklers lengde.

    Den grundigste akademiske analysen (fortsatt) av Wikipedias kvalitet og hvilke innebygde redaksjonelle skjevheter denne publiseringsmodellen har er:

    Roy Rosenzweig: Can History be Open Source?
    Wikipedia and the Future of the Past
    http://chnm.gmu.edu/resources/essays/d/42

  10. Arne Olav sier:

    Harald,
    Vesaas-artikkelen valde eg ut heilt tilfeldig, tru det eller ei, sidan Vesaas-artikkelen på SNL var vekas artikkel der.

    Artikkelen du viser til er god, og peiker både på plussar og minusar. Det eg ikkje synest denne artikkelen er seg medviten, er kva syn på tekst og forfattar som ligg til grunn. Her synest eg mange drøftingar bør starte, og eg trur det er mange myter om kva ein tekst og ein forfattar er som må avlivast. Men det får bli stoff til seinare artiklar :-)

  11.  
Legg igjen en kommentar